Verdas fyrste strøymeteneste på nynorsk

Som fyrste musikkteneste i verda, kan Beat no tilby brukarane sine ei strøymeteneste på nynorsk.

- Med to offisielle språk her i landet er det sjølvsagt at me leverer ei teneste som er tilpassa begge målformer, seier dagleg leiar i Beat, Njål Wilberg.

- Det at me held til på ei lita øy ytst i havgapet i Sogn, altså midt i tjukkaste nynorsk-land, gjer det jo endå kjekkare å vere fyrstemann ut med denne målforma.

Dersom du ønskjer å ta den nynorske versjonen av Beat i bruk, endrar du enkelt målform ved å trykke på menyknappen oppe i venstre hjørne når du er inne i siste versjon av mobilappen du finn på AppStore.

Slik skaffer du deg Beat på din mobil, ditt nettbrett eller din TV!

Målungdommen jublar

- Dette er rett og slett ein domeneerobring for vår del, jublar leiar i Målungdommen, Vebjørn Sture.

- Ungdommar er storkonsumentar av denne type tenester og dessverre er det altfor få digitale tenester som er på nynorsk. Me veit at ungdommar er språkleg sårbare. For at dei skal kunne halde på språket sitt, er det derfor særs viktig at dei ser språket i bruk rundt seg og at skriftspråket dei brukar vert anerkjent. Det at Beat nå lanserer ei strøymeteneste på nynorsk, sender utruleg viktige signalar i så måte, meiner Sture.

Nynorsk-artistar med på laget

I samband med nynorsk-lanseringa vil Beat trekke fram gode album frå nynorskartistar under seksjonen anbefalte album. 

- I tillegg har me vore så heldige at me har fått flotte nynorskambassadørar som Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland til å lage spelelister med sine nynorskfavorittar som dei delar med deg, fortel redaktør på Beat, Linn Dyveke Wilberg. 

Desse spelelistene finn du under anbefalte spelelister saman med ei liste satt saman av festivalsjefen for Utkant, Viggo Randal, og ein speleliste fra Vebjørn Sture i Målungdommen.

Likestilt

- Skal nynorsk vere likestilt med bokmål, slik det formelt sett er i Noreg, må nynorsk vere tilstades på alle samfunnsområde. Dette bidreg Beat til på ein fortreffeleg måte med denne lanseringa, seier Vebjørn Sture.

I Beat ser dei på lanseringa av nynorsk som eit viktig steg både for å markere seg som ein norsk aktør og som ein bedrift som tar alle kundane sine i Noreg på alvor.

- Beat er den strøymetenesta med størst utval av norsk musikk. Me har sikra oss ein eksklusiv avtale med Kirkelig Kulturverksted som gjev oss einerett til å distribuere nytt innhald frå dei. Når me nå kan gje kundane våre ei skreddersydd app tilpassa deira målform, skil me oss klart frå for eksempel Spotify som berre er tilgjengelig på engelsk, seier Wilberg.

Beat på nynorsk finn du no på AppStore. Nynorsk-versjonen for Android vil vere på plass på GooglePlay om få dagar.

Hva synes du om saken? Vi setter stor pris på kommentarer og innspill. Vi regner imidlertid med at alle som kommenterer viser alminnelig folkeskikk, og vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg som ikke forholder seg til dette. Se også vår personvernside.

comments powered by Disqus